Satsar på snø og kalde grader!





Vi har brukt hausten til å gjere løypetraseen betre, nesten gjere ferdig klubbhuset og gjort ferdig parkeringsplassen. Så no ventar vi må nok snø og nokre kalde grader. Planane for vinteren er klare:

Skileikanlegg og løypetrase vil vere preparert til kvar ettermiddag og kveld gjennom heile vinteren når det er forhold for det. Vonavegen og parkeringsplassen vil vere brøyta til kvar helg. Det same med løype til Vonavatnet. Vi vil også køyre skuterspor til Fosselvekråa ein gong i veka, om forholda er slik at vi kan gjere det.
Skiskule vert det i skianlegget kvar måndag ettermiddag frå kl.18.00. Det vert langrennskarusell på åtte sundagar og det vert vinterveke i veke 8 (20.-24.februar) – og Barnas Turlag skal ha stor Kom deg ut-dag sundag den 5.februar.

For å få pengar til utbygging og drift av skianlegget ber vi folk kjøpe årskort. 500 kr for heile 2017 til konto 3705.25.36902.

Helsing styret i Instedalen Skianlegg

Åsmund Berthelsen (leiar)

Klubbhuset har fått både innlagt vatn og avløp i haust.